Bilen hamna utfor vegen på veg opp mot Strynefjellet natt til torsdag. Foto: Lom og Skjåk brannvesen.

Har frigjeve namnet etter dødsulukka

Det var Knut Birger Gustavsen (55) frå Sandane, busett i Stryn, som omkom etter ei utforkøyring på Skjåk natt til torsdag.
Operasjonssentralen ved politiet i Innlandet har fredag føremiddag frigitt namnet på den omkomne i samråd med pårørande.
Den tragiske hendinga skjedde på riksveg 15 ved Billingen i Skjåk, på veg opp mot Strynefjellet, natt til torsdag.
Den omkomne var førar av ein semitrailer som køyrde av vegen natt til torsdag. I bilen var også ei ung jente. Ho vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, men Helse Førde melde i går at jenta var uskadd.
Straffesaksansvarleg Tor Trønnes ved Lom lensmannskontor seier til NRK Sogn og Fjordane at både politiet og Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe har gjort undersøkingar på staden. Fartskrivaren i køyretøyet vart øydelagt i samanstøyten. Saka er under etterforsking.
Semitraileren var på veg vestover då den trefte med førarhytta inn i eit stort tre på venstre side av vegen. Begge dei to i bilen har blitt kasta ut av førarhuset. Ein bilist som kom til staden rundt klokka 03 fekk varsla naudetatane, melder NRK.

Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka. Ifølgje politiet var det ingen vitne til hendinga.