– No blir det betre å surfe på mobilen medan ein ventar på flyet på Sandane, seier dekningssjef Tommy Skogheim Johansen i Telia.

Har fått skikkeleg dekning

Betre mobiltider på Sandane lufthamn.
Så har Sandane lufthamn, Anda fått skikkeleg mobildekning. Det opplyser dekningssjefen i Telia Noreg, Tommy Skogheim Johansen, som heller ikkje legg skjul på at Telia nyleg fekk kåra mobilnettet sitt til det beste i landet i ein stor og uavhengig test av det norske mobilnettet.
– Vi er sjølvsagt stolte og glad for dette resultatet. Men vi kviler ikkje på laurbæra, og dekningsutbygginga vår held fram. I løpet av den siste veka har vi sett i drift ein heilt ny basestasjon på Sandane lufthamn, Anda. Den gjev mykje ny og forbetra dekning på mobildata i området, seier Skogheim Johansen.