Tarjei Bjørkum Vereide.

Håpar på fulle tribunar fredag

Herrelaget til Gloppen Handballklubb håpar på fulle tribunar i Trivselshagen når laget spelar kvalifiseringskamp mot Stryn fredag kveld.

Gloppen møter Stryn i kvalifiseringa til 2. divisjon som vert spelt over to kampar. Den første kampen går på Sandane fredag kveld. Returoppgjeret blir spelt i Stryn søndag.

Spelar midt i hallen

– Kampen i Trivselshallen blir spelt på oppvisingsbana midt i hallen, der damelandslaget spelte kampane sine mot Russland i fjor. Det vil bli sett ut stolar på golvet, men vi håpar også på mykje folk på tribunane denne kvelden, seier Bjørn Roth-Andenæs.

– Korleis ser du på å få Stryn som motstandar i kvalifiseringa?

– Det blir eit lokaloppgjer. Vi har hatt mange kampar mot Stryn, og ein gjev alltid litt ekstra i eit lokaloppgjer. Stryn har spelt i 2. divisjon i år, og kan misse plassen i divisjonen. GHK har derimot ikkje noko å tape. Det er klart at Stryn har hatt betre matching enn oss siste sesong, og vi blir ”underdogs” i møte med dei. Likevel tenkjer eg at vi har gode moglegheiter for å slå favorittane, seier han.

Les meir i papirutgåva onsdag.