Emily Stang Sando (f.v.), Stine Skogrand og Pernille Wibe stilte opp på GHK sin handballskule tysdag – til stor inspirasjon for alle deltakarane.

Håpar å skape litt liv i Gloppen

– Det er utruleg stort at vi får verdas beste handballandslag og desse populære handballjentene til Gloppen. Ein finn vel ikkje maken til publikumsmagnetar. Spelarane kom til Sandane måndag ettermiddag og hadde si første trening i Trivselshallen om kvelden, fortel Øystein Sundal, leiar i den lokale hovudkomiteen.

Gloppen Handballklubb skipa denne veka til handballskule for born i alderen 11-14 år. For deltakarane var det stas å møte landslagsspelarar.

Det sportslege opplegget for handballskulen var det den nye trenaren til GHK, Daniel Dammyr, som hadde laga i lag med kamerat og eliteserietrenar Sigvald Andreassen. I tillegg til desse to, stilte lokale trenarkrefter som Torbjørn Sælen, Kjell Aske, Ragnhild Bakketun Vederhus og spelarar på GHK.

Og borna storkosa seg i hallen.

Tre landslagsspelarar var med på handballskulen for å inspirere deltakarane tysdag: Emily Stang Sando (26) som til vanleg spelar for Team Esbjerg, Pernille Wibe (27) som spelar for Issy Paris og Stine Skogrand (22) som spelar på Tertnes.

Fredag og laurdag spelar dei norske landslagsjentene landskampar mot Russland i Trivselshallen.