Kjell Aske gjorde comeback og skåra fire mål i kampen mot Solid/Stord

Han har vore med og bygt sjømannskyrkje på Gran Canaria

Glopparen Bjarte Øvrebø fekk stor og velfortent takk under den offisielle opninga av Sjømannskyrkja på Gran Canaria tysdag kveld. Kyrkja i Arguineguin er verdas best besøkte med over 1000 innom kvar dag. Dei ”gamle” lokala vart for små, og dei måtte sjå seg om etter nye lokale. Då Sjømannskyrkja fekk tilslaget på den nedlagde nattklubben i Arguineguin, slo dei til, og den 18. november vart den nye sjømannskyrkja vigsla av biskop Ole D. Hagesæther.
– I Gloppen er eg nok best kjend som journalist, men eg er tømrar av profesjon. Kona mi, Inger, er mykje plaga med revmatisme, og ho blir mykje betre av langtidsopphald i Syden. Dette er tredje vinteren vi held til i Arguineguin, og eg må naturlegvis ha noko å gjere. Først fekk eg ein avtale med hotelleigar Dag Moen som hadde eit prosjekt her nede, og eg var engasjert i det spanske firmaet hans etterjulsvinteren 2007, forklarar Bjarte Øvrebø på ”Skype” frå det spanske ferieparadiset i havet vest for Marokko, Gran Canaria.

Les meir i fredagsavisa

Generalsekretær i Sjømannskyrkja, Kjell Bertel Nyland frå Breim, ved alteret i den nye kyrkja på Gran Canaria saman med bygningsmann Bjarte Øvrebø frå Sandane. Steinhella som utgjer alteret er funnen på staden og er av ein steinsort med eit spansk namn som tyder ”levande stein”. Øvrebø har laga fundamentet og døypefonten, og lysestakane i massing, som veg fire kilo kvar, er laga av Hans Hestenes.