Ikkje berre blåbær. – Nokre aktørar pakkar nok framleis inn produkta sine i ukurant emballasje, men dei er nok mellom unntaka, seier Thomas Weihe. Leiaren for NOK og verdikjedesjef i Dagligvareleverandørenes Forening poserer med emballasje frå BAMA som halverer blåbærsvinnet i butikkane. (Foto: Per Øyvind Nordberg, Emballasjeforeningen)

Halvparten av oss likar det ikkje

Både lokale og nasjonale vareprodusentar slit med tilliten hos nesten halvparten av folket på Vestlandet, viser ei ny måling. På landsbasis er eldre menn dei største emballasjeskeptikarane.

I ei fersk YouGov-måling svarar 46 prosent av respondentane busett på Vestlandet at dei har ganske eller særs låg tillit til at norske produkt vert emballert på ein mest mogleg effektiv og hensiktsmessig måte. På landsbasis seier 45 prosent at dei er skeptiske.

Samtidig har 34 prosent av folket på Vestlandet tillit til norsk emballasje, ifølge målinga som er gjennomført for Næringslivets Emballasjeoptimeringskomité (NOK). Dei resterande 19 prosent av respondentane frå landsdelen har ikkje teke stilling til saka.

– Ser ikkje det store bildet
Thomas Weihe, leiar for NOK og verdikjedesjef i Dagligvareleverandørenes Forening, er ikkje overraska over svara i undersøkinga. Han meiner mange ikkje er klar over den rolla emballasje spelar i å forhindre matsvinn.

– Noen aktørar pakkar nok framleis inn produkta sine i ukurant emballasje, men dei høyrer til unntaka. Når såpass mange forbrukarar seier de ikkje har tillit til emballasjen som norske produkt er pakka i, er det nok fordi mange ikkje ser det store biletet. Dette er trass alt er komplekst fagfelt, seier han.

Weihe peikar på at emballasje i snitt berre står for 10 prosent av energiforbruket for ei matvare. Dermed er det meir skadeleg for miljøet å produsere mat som vert kasta, enn å emballere maten godt.

I 2015 var det totale matsvinnet i Norge på 355 128 tonn. Over 60 prosent av dette er mat som ble kasta av forbrukarane.

Lengre liv for spekemat og brokkoli
Det går for tida fleire innovasjonsprosjekt i den norske emballasjeverda. I eit av desse, «Riktig emballering for redusert matsvinn» (REforReM), studerer forskarar kva pakke- og lagringsmetodar som er best for å få matvarer som grønsaker, sjømat og kjøtprodukt til å halde god kvalitet lengst mogleg. Det treårige prosjektet skal avsluttast ved nyttår.

– Emballasje spelar ein nøkkelfaktor når det gjeld å redusere matsvinn. Vi har blant anna funnet ut at vi kaster mindre spekemat dersom den kjem i emballasje med gode sveiseegenskapar. Vidare kan vi forlenge kor lenge sjømat held seg ved hjelp av gasspakking og bruk av CO₂-emittere, forklarar prosjektleder Thomas Eie i REforReM.

Det tverrfaglege innovasjonsprosjektet har også avdekka at medan uemballert brokkoli og blomkål blir dvask i løpet av en veke, held desse matvarene seg friske i to veker i emballasjen.

Dyrt med for mye emballasje
I YouGov-målingen kjem det fram at særleg menn og personar over 60 år er skeptiske til korleis norske produkt vert emballert. Kvinner og personer under 30 er meir positive.

Ein vanlig kritikk mot emballasje er at det er for mye av den rundt et produkt. Thomas Weihe i NOK påpeker at dette i stor grad faller på sin egen urimelighet.

– Overemballering kan gi økte kostnader gjennom hele verdikjeden, og slike produkt vil i stadig større grad bli valde bort av handelsledd og forbrukarar. Riktig emballering er derfor logisk også av rent kommersielle omsyn, seier han.

Skal førebygge avfall
En ny forskrift frå Klima- og miljødepartementet som starta tidligare i haust krev at produsentar av emballasje og emballerte varer også skal jobbe med avfallsførebygging.

– Ordlyden er ikkje tilfeldig. Mens mange EU-land framleis heng igjen i ei tid der man einsidig snakka om å redusere emballasjemengda, retter vi i Norge innsatsen mot avfallsførebygging. Dette set også fokus på varene som emballasjen skal beskytte – samt emballasjens gjenvinningseigenskapar, seier Weihe.
(Pressenytt)