- Velkomen til kurs, seier Margit Nyhammer, Torill Rygg Eide og Aslaug Moen.

Hageselskapet tilbyr fire kurs

Hageselskapet Gloppen inviterer alle hageinteresserte til å delta på kursrekkja «Frå tomt til hage». I kveld vil hagearkitekt Thea Nesdal snakke om hageplanlegging i lokala til Reed Foto.

Har du nyleg bygd hus og ikkje heilt veit korleis du skal gå i gang for å lage ein triveleg hage på eigedomen, vil kursrekkja til Hageselskapet Gloppen vere midt i blinken for deg. Kursa er likevel mynta på alle hageinteresserte.

– Aktuelle for alle
– Mange er interesserte i hage og hagearbeid, men skulle gjerne hatt meir kunnskap. Nokre veit ikkje heilt kvart dei skal starte i hagen sin. Det er bakgrunnen for at vi har sett oss ned og laga ei kursrekkje. Også garva hagemedlemmer treng meir kompetanse og nye idéar. Difor meiner vi at kursa er aktuelle for alle, fortel Aslaug Moen, Margit Nyhammer og Torill Rygg Eide.

Dei utgjer arbeidsgruppa som har laga dei fire kursa.

Kursrekkja startar med eit planleggingskurs 7. november på Reed Foto. 28. november er temaet opparbeiding av hagen. Thea Nesdal er kurshaldar for både første og andre kurset.

Kurs tre handlar om å plassere rett vekst på rett plass i hagen. Nokre stikkord for kurset er analyse av jordsmonn, klima, vintergrønt, nyttevekstar og stauder. Ved plasseringa av vekstane må ein ta omsyn til storleik og blomstringstid. Gartnar Stein Åke Berteig frå Hildenes Gartneri vil vere kurshaldar, men dato og stad for kurset er enno ikkje bestemt.

Såing på Rebakken
Det fjerde kurset vil bli skipa til i månadsskiftet februar-mars. Temaet då er såing, prikling og utplanting.

– Kurshaldar for det fjerde kurset blir Sigrunn Reed på Rebakken Hagesenter. Vi reknar med at dette blir eit arbeidsmøte, der kursdeltakarane får så sjølve. Kurset vil bli halde i eitt av drivhusa hennar, fortel Rygg Eide.

Ein treng ikkje vere medlem i hagelaget for å delta på kursa.