Hærverk og tjuveri på Vassenden

Dei har vore flittige dei som natt til laurdag var på ferde ved lagerområdet til Ivar A Sunde AS. Der har ubedne gjester plassert ein bilhengar i elva, bøygt eit par hydraulikkspakar på ei tømmervogn og elles rive ut hydraulikkslangar på to traktorar som sto parkerte.
- Det er ikkje dei store skadane, men det er irriterande, seier Karl Ivar Sunde som fortel at politiet er kontaktqa om saka.
I same området vart det også stole ein hjullastar natt til laurdag. Den vart køyrd på E-39 mot Vassenden og der stoppa av politiet. To gutar i tenåra vart tekne hand om og frakta heim. Saka vil få etterspel, ifølgje politiet.

To bøygde hydraulikkspakar var mellom tinga som må reparerast etter at ubedne gjester har vore på ferde. Foto: Karl Ivar Sunde