Gut påkøyrd i Sandane sentrum

Ein gut er frakta til sjukehus etter ei påkøyrsle i Sandane sentrum i 12-tida fredag føremiddag.

– Det er ein gut som er påkøyrd av ein bil. Han er ikkje køyrd over, og det er ikkje snakk om stor fart, seier operasjonsleiar Tore Andre Brakstad i Vest politidistrikt.

– Stod på eigne bein

Påkøyrsla skjedde utanfor Coop Extra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brakstad fortel at guten var oppe og gjekk etter hendinga, men han hadde litt vondt.

– Han var medviten og stod på eigne bein, men hadde moglegvis fått eit hjul over seg, så han er skada, seier Brakstad.

Guten er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

– Uheldige omstende på alle måtar

Politioverbetjent Nils Ove Roset opplyser at det dreiar seg om ein to og eit halvt år gammal gut som ikkje er heimehøyrande i Gloppen.

– Det er fredag, det er mykje tett trafikk, det er vanskeleg å vite kvar små, låge ungar spring til ei kvar tid og det er éin person i bilen som ikkje greier ikkje å sjå alle plassar, så det er snakk om uheldige omstende på alle måtar, seier Roset.

Han legg til at den kvinnelege føraren av bilen har fått førarkortet sitt rutinemessig kverrsett, og at det ikkje er mistanke om rus.