Gunnvor fekk 1.-plassen

Nominasjonsmøtet i det nye partiet Sentrum har plassert glopparen Gunnvor Sunde på toppen av Sogn og Fjordane-lista til stortingsvalet komande haust.

Ho står også på 2.-plass på Hordaland-lista, ei liste som er toppa av Dag Sæle.

– Signala frå kandidatane er at dei er svært motiverte til å gå ut i valkampen. Motiverte for å gjere partiet og vår politikk synleg. Vi er eit samla fylkesparti som no vil kjempe for å få ein ny politikk ut i livet og ei ny regjering inn, skriv partiet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For meg er det viktig å få til eit sterkt sentrumsalternativ i norsk politikk. Partiet Sentrum byggjer sin politikk på dei 17 berekraftmåla til FN og menneskerettserklæringa. Eg vil kjempe for likeverd og inkludering og mot utanforskap. Vi må styre landet og verda i ei meir berekraftig retning som gagnar oss alle, seier Gunnvor Sunde i pressemeldinga.

For Sogn og Fjordane valkrins har nominasjonsmøtet samrøystes valt:

1. kandidat: Gunnvor Sunde

2. kandidat: Christian Hammer

3. kandidat: Stein Robert Osdal

4. kandidat: Elisabeth Meling

5. kandidat: Audun Mundal

6. kandidat: Julie Eikeland

7. kandidat: Audun Haddal

Artikkelen held fram under annonsen.

8. kandidat: Alice Karina Vervik

9. kandidat: Jan Ove Fjelltveit

10. kandidat: Dag Sele