Gult farevarsel for snø i Vestland og Møre og Romsdal

Meteorologisk institutt har oppgradert til gult farevarsel for snø i Vestland og Møre og Romsdal. 25 til 60 centimeter snø blir venta lokalt.

Frå torsdag ettermiddag til fredag ettermiddag er det venta snøbyer over 400 til 700 meter i Møre og Romsdal og Nordfjord i Vestland, skriv meteorologane på Twitter.

Lokalt kan det komme 25 til 60 cm snø på 24 timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sør for Nordfjord er det venta snøbyer over 300 til 600 meters høgd. Snøgrensa er venta å stige gradvis utover fredag.

Torsdag ettermiddag er det opptil éin time ventetid i begge retningar på E134 over Haukelifjell, ifølgje Vegtrafikksentralen sør. Det dårlege vêret har ført til at omkøyringsalternativet er mellombels stengt.

(©NPK)