Helsedirektør Bjørn Guldvog på pressekonferanse om koronasituasjonen fredag ettermiddag.Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Guldvog ber kommunane leggje til rette for besøk på sjukeheimane

Helsedirektoratet ber kommunar leggje til rette for besøk etter å ha fått meldingar om at bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustader har vorte nekta dette.

På koronapressekonferansen fredag ettermiddag bad helsedirektør Bjørn Guldvog kommunar om å vurdere den lokale smittesituasjonen og leggje til rette for korleis ein kan gjennomføre besøk på ein god og verdig måte.

– Hovudregelen er at bebuarar i helse- og omsorgsinstitusjonar har rett til å få besøk. Det er ein krevjande balansegang, og eg er sikker på at dei kommunane som har innført strenge avgrensingar, har gjort dette i beste meining, sa Guldvog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsedirektøren rosa samtidig innsatsen til kommunane mot koronautbrot i helse- og omsorgsinstitusjonar. Han sa at dersom informasjonen til besøkjande er god, og rutinane for smittevern også er det, er det liten fare for at besøkjande tek med seg smitte.

– Det er berre i periodar med større lokale smitteutbrot at det er aktuelt å innføre kortare restriksjonar, understreka han.

Guldvog nytta òg høvet til å snakke om besøk i omsorgsbustader. Ein omsorgsbustad er ein privat heim. Helsedirektoratet har likevel fått meldingar om at bebuarar i omsorgsbustader har fått besøksnekt.

– Eg er sikker på at dei kommunane som har nekta besøk, har gjort dette for å verne dei som bur i omsorgsbustader mot smitte. Samtidig er regelverket heilt klart: Kommunen kan ikkje nekte bebuarar i omsorgsbustader å ta imot besøk. Derfor går vi no ut med informasjon til kommunane der vi presiserer kva reglar som gjeld, sa helsedirektøren.

(©NPK)