Leiar Gytis Blazevicius i Natur og Ungdom (t.v.) og leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet kommenterer dommen i Fjordsøksmålet onsdag kveld. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Gruveavfall i Førdefjorden – Miljørørsla tapte mot staten

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har tapt Fjordsøksmålet i Oslo tingrett. Staten får medhald for løyvet sitt til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Onsdag ettermiddag fall dommen i ein av Noregs mest langvarige miljøstridar. Der slo tingretten fast at miljøorganisasjonane ikkje får medhald i at løyvet til gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig.

– Vi er både sinte og skuffa. Denne dommen er ei krise for rettsvernet til naturen i Noreg, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet etter at dommen vart klar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naturvernforbundet ber no om pengehjelp til å betale utgifter i samband med søksmålet.

– Eg er utruleg skuffa over at retten i tillegg til å ikkje innvilge klagene våre, har straffa organisasjonane dobbelt ved å dømme oss til sakskostnadene til staten på heile 1,4 millionar kroner, seier Gulowsen på ein pressekonferanse onsdag kveld.

– I mine villaste fantasiar hadde eg ikkje rekna med at vi kunne få eit sånt resultat. Vi er nøydde til å be dykk og alle andre i heile det norske samfunnet om å hjelpe oss med å betale den bota, som vi nesten kan kalle det, seier han.

Nordic Mining, som planlegg gruvedrift i fjellet, har fått løyve av staten til å deponere 170 millionar tonn avfall i fjorden. Heilt sidan 2008 har derimot miljøaktivistar kjempa for å hindre dette. Dei har heile tida hevda at løyvet byggjer på feil forståing av EU-direktiv, og dermed ikkje kan vere gyldig.