Bergtatt består av Linn Katrin Øygard (vokal) frå Sandane, John Stenersen (nøkkelharpe, dreielire, gitar og samples), Rolf-Erik Solstad Karlsen (gitar), Jarle Skår Nor (bass) og Anders Eek (trommer).

Grønt lys for Myklebost kraftverk i Jølster

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Myklebost kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 192 meter og vil endre naturleg vassføring i Myklbustelva på ei omlag 1,1 km lang strekning.

Av omsyn til naturmiljø og brukarinteresser er det sett vilkår om at det blir sleppt ei minstevassføring i Myklebustelva på 500 l/s om sommaren og 100 l/s om vinteren. Det er også sett vilkår om installasjon av ein omlaupsventil med kapasitet på 1 m3/s i kraftverket, av omsyn til storaure stammen frå Jølstravatnet.

Det er opna for ei best mogleg tilpassing for landskap og miljø ved NVEs endelege godkjenning av detaljplanen for utbygginga. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging av Myklebost kraftverk.

No er det klart for utbygging av Myklebustelva i Jølster, det vil gje straum til 900 husstandar. Flyfoto: Jan Nik. Hansen