Oddbjørn Hjelmeset måtte sjå to "ungkalvar" føre seg på resultatlista. T.h. vinnaren Gøran Tefre og i midten Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen.

Gøran Tefre suveren i Rypeskarrennet

Ingen kunne true Gøran Tefre frå Førde då den 33.utgåva av Rypeskarrennet vart avvikla i dag. Rennet gjekk i strålande sol og flotte løyper.

Nest beste tid i den 23 km lange konkurranseløypa fekk Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen, medan arrangøren Fjellhug/Vereide sin eigen, Odd-Bjørn Hjelmeset, kom inn til tredje beste tid.

I konkurranseklassa stilte det 55 løparar, medan arrangørane kunne melde om om lag 550 i turklassa. Turklassa kunne velje om dei ville gå ei rundløype med start og mål på Utvikfjellet eller gå over til Kleivane, noko dei fleste gjorde.




Vi kjem tilbake med meir frå Rypeskarrennet i papiravisa onsdag etter påske.