Godt halvårsresultat for SFE

Sogn og Fjordane Energi oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 44 millionar kroner i første halvår 2015. Dette er 22 mill. kroner høgare enn første halvår 2014, om ein ser vekk frå fjorårets høge ekstraordinære inntekter og kostnader.

Fjorårets resultat for Sogn og Fjordane Energi (SFE) bar preg av ein ekstraordinær salsvinst og nedskrivingar, noko som synte att i eit rekordhøgt resultat på 343 mill. kroner etter skatt for første halvår 2014. Utan dei ekstraordinære postane ville resultatet ha vore 22 mill. kroner i første halvår i fjor. I år er tilsvarande resultat 44 mill. kroner, ein auke på 22 mill. kroner.

At resultatet er høgare enn fjoråret skuldast mellom anna at produksjonsverksemda SFE Produksjon har oppnådd ein høgare pris enn marknadsprisen på krafta, i følgje konstituert konsernsjef Asgeir Aase i SFE.

– Gjennom å sikre kontraktar på straumbørsen fram i tid oppnådde vårt produksjonsselskap ein pris som låg 5-6 øre over den gjennomsnittlege marknadsprisen på om lag 21 øre. Dette bidrog til å betre resultata frå produksjonsverksemda og verdiskapinga for eigarane, seier Aase.

Men han forsikrar at det ikkje er straumkundane til kraftleverandøren SFE Kraft som har betalt skilnaden på 5-6 øre. Straumkundane har fullt ut nytt godt av svært låge prisar den siste tida.

– Dei fleste har nok merka seg at straumprisane har vore låge ei god stund no. Faktisk har den gjennomsnittlege systemprisen på straumbørsen i årets seks første månader vore på sitt lågaste nivå sidan 2007, og det er sjølvsagt hyggeleg for straumkunden. Og det er denne låge marknadsprisen som er utgangspunktet for det kundane våre betalar – ikkje prisen vi oppnår når vi omset krafta vår på straumbørsen, seier Aase.

Utviklinga i kraftpris vil ha mykje å seie for resultata dei komande månadane. Den finansielle marknaden forventar ein pris i 2. halvår som er noko lågare enn i 1. halvår. Aase meiner det er usikkert om konsernet vil klare å oppnå eit resultat for 2. halvår som er på nivå med første halvår, og peikar på at i tillegg til prisutviklinga vil nettkapasiteten vere ei utfordring.

– På grunn av bygging av nytt sentralnett frå Sogndal til Ørskog på Sunnmøre vil delar av det eksisterande nettet vere utkopla i haust. Dette kan føre til at delar av SFE sin kraftproduksjon ikkje får nettilgong, og dette kan føre til lågare produksjonsmengd enn elles. Det er derfor vesentleg at sentralnettet vert fullført og at anleggsperioden ikkje vert lenger enn nødvendig, avsluttar Aase.