Glopperock feirar 40+1år med Dance With A Stranger i Trivselshagen på Sandane i laurdag 28. august. Foto: Gunnar Reed, Skyskraper Artist.

Glopperock feirar 40+1 år

Festivalen Glopperock feirar 40+1år med Dance With A Stranger i Trivselshagen på Sandane i Gloppen laurdag 28. august.

Det går fram av ei pressemelding.

Dette er fjerde gong Dance With A Stranger deltek på Glopperock og med det er dei ein sentral del av den 41 år lange historia til festivalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dance With A Stranger har dei siste åra gjennomført mange konsertar og ikkje minst mange festivaljobbar. Under Glopperock vil gruppa blant anna spele hitar som «Everyone Needs a Friend», «The Invisible Man», «Dance With A Stranger» og fleire av dei meir ukjende låtane sine i «ny» innpakning, ifølgje pressemeldinga.

Bandet spelte på Glopperock i 1988, 1990, 1994 og 1999, og er med det bandet som har spelt flest gongar i Jølet på Nordfjord Folkemuseum.

(©NPK)