– Skal vi tenkje rekruttering til terrengsykling, er det positivt at planen legg opp til å byggje ein del treningsløyper mynta på born og unge i kommunen, seier Jørgen Husbyn og Knut Roger Nesdal (t.h.). Masterplanen vart presentert på ei samling i kinosalen torsdag.

Gloppen vil satse på sykling

Næringssjef Knut Roger Nesdal har fått i hende ein masterplan for terrengsykling i Gloppen. Målet er å leggje eit fagleg grunnlag for vidare utvikling av aktiviteten i kommunen.

Stisykling er blitt sett på kartet i Gloppen dei seinare åra. Lokale eldsjeler har lagt ned solid innsats for å utbetre stiar og fremje Sandane som eit sykkeleldorado. Gjennom ein masterplan har kommunen eit ønske om å sjå kva moglegheiter som fins for stisykling i heile kommunen.

Bra for folkehelsa

– Det ligg godt til rette for stisykling i kommunen gjennom den fantastiske naturen vi har, eldsjelene som bur her og sykkelmiljøet. Det er ein god kombinasjon for å kunne satse, seier Knut Roger Nesdal.

Han viser til at Sogndal er gode på alt som har med laussnø å gjere, medan folk valfartar til kysten for å surfe.

– Her i midten kan vi bli gode på stisykling. Det kan vere konfliktfylt å satse på terrengsykling, for det er mange interesser inne i biletet. Men før vi gjer noko som helst, må alle vere samde om kva vi skal gjere, kvar vi skal etablere tilboda og korleis vi skal gjere det. Samtidig ønskjer vi å rekruttere born og unge inn i dette miljøet og få dei i aktivitet. Det er bra i eit folkehelseperspektiv, seier han.

Les meir i papirutgåva fredag.