Særleg serverings- og overnattingsverksemder og reisearrangørar skal prioriterast når nye kompensasjonsmidlar til lokale verksemder skal delast ut. Illustrasjonsfoto Gloppen Hotell.

Gloppen har fått meir koronamidlar til næringslivet

Gloppen kommune har fått tildelt 490.000 kroner til ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i samband med koronapandemien.

Det opplyser kommunen på nettsida si.

Kompensasjonsordninga gjeld alle verksemder som er råka av strenge smittevernstiltak på grunn av pandemien. Dette gjeld i særleg grad serverings- og overnattingsverksemder og reisearrangørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom krava til søkjar finn vi at verksemda ikkje må vere under konkursbehandling eller avvikling, og at ein må kunne dokumentere kostnader og tap som følgje av smittevernstiltak.

Søknadsfristen er sett til 24. januar.