Fredrik Hope, påtroppande leiar i Norsk Målungdom. (Foto: Hannah Kolås)

Gloppar ny leiar i Norsk Målungdom

Fredrik Hope frå Hyen (23) vart var nærast på heimebane då han på landsmøtet i helga vart vald til ny leiar i Norsk Målungdom

– Eg ser fram til å kjempe for meir nynorsk i lærarutdanningane, seier den påtroppande leiaren.

Landsmøtet til Norsk Målungdom gjekk denne helga av stabelen på Sandane. Språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet møttest for å forme organisasjonens politikk i tida framover.

Målungdomen vedtok mellom anna arbeidsprogram for den neste perioden, der organisasjonen skal arbeide med det politiske programmet «Program for nynorsk i lærarutdanningane» og informasjonskampanjen «Nynorsk myteknusar».

Fredrik Hope vart aktiv i Målungdomen gjennom lokallaget på Firda vidaregåande skule, og har sete tre år i sentralstyret. Det siste året har han vore nestleiar, og ser no fram til å innta den nye posisjonen. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner han nynorsk i lærarutdanningane.

– I dag er det heilt tilfeldig kva nynorskopplæring framtidas lærarar får. Nokre høgskular har gode opplegg, medan andre nesten ikkje gjev noko nynorskopplæring. Det finst inga felles ordning som sikrar at lærarstudentane lærer nynorsk, eller får syne at dei kan nynorsk – sjølv om alle lærarstudentar skal kunne undervise både nynorskelevar og bokmålselevar, seier Hope.

– Me krev at høgskular og universitet tek ansvar og gjev lærarstudentane den nynorskkompetansen dei treng. Framtidas lærar må kunne å lære vekk nynorsk, vete kva språklege rettar elevane har – i tillegg til å kunne skrive nynorsk sjølv, seier den nyvalde leiaren.

Med seg i sentralstyret får han Eline Bjørke frå Løten som dagleg leiar, Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlem.