Gledeleg vekst

Det er viktig å glede seg over det som går bra. For alle i Gloppen er det grunn til å smile over dei siste tala når det gjeld utvikling i folkeveksten. Det siste kvartalet har det vor ein pen auke på 32 innbyggjarar, det er den tredje største veksten av kommunane i fylket. Og enda viktigare, det siste året har auken vore på 56 innbyggjarar, det er ein solid prosentvis auke som det er all grunn til å byggje vidare på.

Når ein har levt ei stund og fylgt desse statistikkane gjennom mange år, har ein sjølvsagt lært seg at det kan svinge fort og ein treng ikkje ”gå bananas” for ei god måling eller to. Det er omtrent som meiningsmålingar i politikken. Men likevel er det ein trend og vi har vi registrert fleire positive ting som dreg i same retning. Ikkje minst mange som har snakka om å flytte heim, og har gjort alvor av det.

I tillegg kjem andre innflyttarar. Vi har også eit næringsliv i spennande utvikling. Fleire bedrifter gjer det veldig bra og treng stadig nye folk. Vi har også interessante nye verksemder i stadig utvikling, det er fantastisk at fylket sin gründerpris to år på rad har gått til Gloppen, til Melin Medical og Intempo.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.