No blir filmklassikarane Liten Ida og Gjest Baardsen tilgjengelege på DVD og utover hausten kjem Nasjonalbiblioteket med fleire utgivingar frå den norske filmarven.

Gjest Baardsen kjem på DVD

No blir filmklassikarane Liten Ida og Gjest Baardsen tilgjengelege på DVD og utover hausten kjem Nasjonalbiblioteket med fleire utgivingar frå den norske filmarven.

– Dette er filmar som har vore sakna på DVD-marknaden, og vi er svært glade for at vi no kan gjere dei tilgjengelege for publikum, seier direktør for kulturformidling og informasjon ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven i ei pressemelding.

– I åra framover vil Nasjonalbiblioteket jamleg komme med utgivingar frå den norske filmhistoria, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett over sommaren kjem Stumme filmspor, ei samling norske stumfilmar frå 1910-åra som blir gitt ut i Blu-ray-format. Deretter følgjer kultklassikaren Klokker i måneskinn frå 1964, regissert av Kåre Bergstrøm etter eit manuskript av André Bjerke. I haust vil òg fem av filmane til Vibeke Løkkeberg bli gitt ut i ein samleboks. Alle filmane som blir gitt ut er nyleg restaurerte.

(©NPK)