Petter Eide er utdanna sivilingeniør, men har brukt nær sagt all si fritid på å gjere ein innsats for kulturlivet i Nordfjord. I 2002 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Gjer ære på Petter med utstilling

9. februar fyller spelemannen og kunstnaren Petter Eide 90 år. Nordfjord folkemuseum markerer dette med ei utstilling. – Det er ei ære at museet lagar til ei jubileumsutstilling i høve 90-årsdagen min. Mange av dei beste bileta mine er med her, seier Eide.

Gjennom mange tiår har Petter Eide lagt ned eit stort og viktig arbeid for kulturlivet og kulturarven i Nordfjord. Han har engasjert seg i Jul i Nordfjord og Årbok for Nordfjord, og han har vore styreleiar ved Nordfjord folkemuseum. Musikken betyr mykje for Petter. Difor har han vore med i mange spelemannslag, og som spelemann har han gleda mange.
Første måleri som 12-åring

Men Petter er også ein omtykt kunstnar. Allereie som tolvåring laga han sitt første oljemåleri. Kor mange måleri han har laga i alt, har han ikkje tal på. Aller helst hentar han motiva frå landskapet i Nordfjord. Hornelen og Ryssdalshornet har vore ynda motiv, til liks med gamle naust og kyrkjer. Val av motiv har med estetikk å gjere, og sjølv tykkjer Petter at det er noko ærleg over det gamle.

Han har òg vore opptatt av å ta vare på tradisjonar, og har vore levande interessert i korleis menneske i Nordfjord lever og har levd. Det er ikkje få artiklar han har skrive om gamle arbeidsmåtar, hus og gjenstandar. Eit uttal arbeidstimar har han lagt ned på museet, og Nordfjord folkemuseum har vore som ein heim nummer to for Petter. Det er såleis naturleg at museet vil heidre kunstnaren med ei eiga utstilling når han no rundar år.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.