På tuftene til Dalemannen der Dag Bakketun orienterte om busetjinga for over 300 år sidan.

Gjekk i spora til Dalemannen

Låge skyer og litt duskregn skapte det som turleiar Tove Hanne Ommedal kalla ei trolsk stemning i Gjengedalsmarka då kulturvandringa ved Dalevatnet i Hyen gjekk av stabelen tysdag.



Store elvar vitna om mykje og etterlengta nedbør, men det var stort sett opplett då langt over 100 menneske fekk seg ein tur gjennom historia til forfattaren og læraren Knut Gjengedal, Skuleknut, sitt rike.

«Mine fjell og mine dalar»

«Mine fjell og mine dalar» var tittelen på ei av bøkene til Gjengedal, som levde med Gjengedalsmarka som næraste nabo og som har skildra naturen og menneska som levde der i farne tider. Det var i denne naturen Friluftshelga i Hyen inviterte til tur tysdag, og det var i fotspora til dei som først brukte dette området som buplass og leveveg vi gjekk denne litt trolske kvelden.

– Eg er imponert over at så mange har møtt opp på denne litt fuktige kvelden med regntunge skyer på himmelen og skodde i fjella, sa Tove Hanne Ommedal då ho ønskte velkommen til dals.

Steinalderbusetnad

Gjengedalen har alltid vore ein god plass for jakt og fiske, og det var nok desse naturressursane som lokka dei aller første gjengdølene til dalen for tusenvis av år sidan. På Kreklingeneset ved Dalevatnet, der kulturvandringa starta, har det nemleg vore gjort arkeologiske funn frå steinalderen. Steinalderen varde frå 10.000- 1700 år før Kristus. Dei som slo seg ned på Kreklingenest kom dit truleg på slutten av steinalderen, det vil seie 4000-5000 år attende i tid.

At dei slo seg ned på Kreklingeneset, er lett å forstå, for der hadde dei fisk i vatnet og vilt i skogen og fjella. Klimaet var også behageleg på den tida, mykje meir behageleg enn då Dalemannen kom til Dalevatnet og Dalelia nokre tusen år seinare.

Gammal bureising

Nokre hundre meter søraust for Kreklingeneset ligg der eit par naust. Litt opp i bakkane ligg støylen til inste bruket i Gjengedalen, Dalheim. Mellom nausta og støylen finn vi restane etter ein gammal buplass frå 1600-talet – murane til ein fjøs og ei lita stove. Der, 500 meter over havet, budde Dalemannen og huslyden hans.

Det vesle bruket ved Dalevatnet vart rydda kring 1670-åra og den siste Dalemannen, som heitte Ivar, levde frå 1718 til 1800, og flytte etter kvart til Rognkleiva. Då hadde han med seg sju kalvkviger, noko som tyder på at det etter kvart hadde vorte ein viss velstand inne på den vesle plassen. Slik var det ikkje i starten når futen fleire gonger prøvde å skattlegge Dalemannen, og kvar einaste gong måtte innsjå at «der intet var at finne».



Harde kår

Busetjinga ved Dalevatnet skjedde midt under den vesle istida, ein periode med eit heilt anna og hardare klima enn det vi har i dag. Det var mykje nedbør og kalde, snørike vintrar. Korn kunne ikkje mogne ved Dalevatnet på den tida, men det er funne ein kvernstein som tyder på at der har vore kvern. Svein Dalheim som var ein av guidane under kulturvandringa trudde kanskje at Dalemannen hadde bore korn inn i dalen for å male.

– Dei var ikkje så redde for å bere i den tida, sa Dalheim.

Dalemannen var elles brukt som namn på den som til ei kvar tid budde inne i dalen, fleire kilometer frå busetnaden i grenda lenger nede. Det budde også ein periode folk på Byrkjeneset ved inste enden av Storevatnet.

Bjørnekjøt som brød

Men det var nok ikkje alltid dei hadde brød ved Dalevatnet, for det blir fortalt at når Dalemannen trefte på folk nede frå bygda og han hadde niste med, synte det seg ofte at «brødet» var bjørnekjøt med flesk på. At det var bjørnekjøt var kanskje ikkje tilfeldig, for dei som levde ved Dalevatnet for tre hundre år sidan hadde ikkje berre dårleg klima å stri med. Det var også mykje villdyr, både ulv og bjørn var dei mykje plaga av.

Elles fekk vi fortalt at Dalemannen henta mykje av fôret til dyra sine i utmarka, i tillegg til dei jordstykka han klarte å dyrke opp. Det var eit hardt og strevsamt liv, men likevel vart den siste av Dalemennene over 80 år, ein høg alder på den tida.



Aktiv støylsdrift

Like ved buplassen til Dalemannen ligg Daleselet som tilhøyrer Dag Bakketun. Der var det laga til ei lita utstilling av gamle reiskapar. Vi fekk høyre historia om støylslivet i Dalen, fortalt av Svein Dalheim, som i dag er 80 år og som har brukt somrane på støylen sidan 1940-talet og som hadde dyr der heilt til for sju-åtte år sidan.

Svein fortalde om idylliske sommardagar i barndommen, men også om hardt arbeid med mjølking av kyr og slått. For i støylsmarka vart det slege både høgt og lågt, og Svein slo støylskvia heilt fram til i fjor.

 



 

 

Svein Dalheim (80) har over 70 års fartstid på støylen i Dalen. Han fortalde om støylslivet og alt det førde med seg. I bakgrunnen ser vi støylshusa til Dalheim.
Hildegunn ommedal las frå ei av bøkene til Knut Gjengedal
Rømmeask høyrer med på støylen