Etter mange år som lærar på medielinjene på Firda og Hafstad vidaregåande skular, er Geir Skagen no plass i Firda Tidend og Solglimt Trykkeri.

Geir er på plass i Firda Tidend

– Dette er ei kjempemoglegheit for meg. Eg får høve til å arbeide både med grafisk design, journalistikk, nett og foto, seier Geir Skagen (51).

Måndag kunne redaktør og dagleg leiar Bjørn Grov ønskje ein ny medarbeidar velkomen til Firda Tidend og Solglimt Trykkeri. Geir Skagen har lang røynsle innan mediefaget, og vil få mange og varierte oppgåver i tida som kjem.

Grafikar, journalist og lærar

– Her får eg sjanse til å kombinere dei ulike interessene mine, smiler Skagen og fortel at han starta karrieren i mediebransjen som grafisk medarbeidar i Haramsnytt i Brattvåg i 1988.

Den teoretiske bakgrunnen sin har han frå Høgskulen i Volda:

– Eg gjekk medielinja og studerte kommunal planlegging og administrasjon, begge var toårige studium. Ferda gjekk naturleg vidare til kommunaljournalistikk, først eit vikariat i avisa Sør-Trøndelag i Orkanger, så til Fjordabladet på Nordfjordeid.

Etter eit par år i Grimstad Adressetidende, flytte han tilbake til Nordfjord og Sandane i 2001. Her venta oppgåva med å drage i gang medielinja ved Firda vidaregåande skule, den første linja i sitt slag i fylket. Linja vart lagd ned våren 2015, og det siste halvanna året har Skagen arbeidd med mediefag ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Han er sterk i trua på at lokalavisene skal vere liv laga også i framtida.

– Dei står sterkt nettopp fordi dei har ei lokal tilhøyrsle som gjer at folk held på dei. Klarer dei å halde nivået og tilpasse seg endringane i bransjen, vil lokalavisa vere levedyktig lenge, slår han fast.

– Er ein allroundar

Bjørn Grov er godt nøgd med å ha Geir Skagen på plass i firmaet.

– Han kompletterer det mannskapet vi har på ein positiv måte. Han starta som grafikar, har vore journalist og bygde opp medielinja på Firda til å vere den beste i fylket. Dessverre valde fylkespolitikarane å legge denne ned. Geir skal i utgangspunktet arbeide med grafisk produksjon av trykksaker og avis, men han er ein allroundar, noko som er bra for ei lita avis, seier Grov.

– Og så må vi utvikle den digitale produksjonen, nettavisa og tenestene våre. Mediebransjen er inne i krevjande og skiftande tider. Geir kan både det gamle faget og har følgt med i den teknologiske utviklinga på alle område innan media. Vi er glade for å ha fått han med på laget.

Redaktøren understrekar at frittståande Firda Tidend er i ein annan situasjon enn mange andre lokalaviser, som er del av eit stort konsern.

– Vi må byggje opp våre eigne ting og det vi skal satse på sjølve. Dette skal vi gjere breiast mogleg med både papiravis og trykksaker, i tillegg til at vi skal henge med i den digitale utviklinga der det er fornuftig. Vi er i ein bransje med store endringar, noko vi òg vil oppleve i tida som kjem. Dette må vi byggje oss for, seier han.