Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Gardsbruk kan få lov til å selje rå mjølk

Forbodet mot å selje upasteurisert mjølk i Noreg kan stå for fall. Mattilsynet foreslår å la gardsbruk selje 5.000 liter rå mjølk.


Tilsynet har laga eit forskriftsutkast, som er sendt ut på høyring frå Helse- og omsorgsdepartementet. Dersom forskrifta blir vedteken, vil det for første gong sidan 1953 bli tillate å selje mjølk som ikkje er varmebehandla, skriv Nationen.


– Hovudregelen er framleis at rå mjølk skal varmebehandlast, men forslaget går ut på å lage ei lita opning for å selje inntil 5000 liter rå mjølk i året, seier seniorrådgjevar Margrethe Hovda Røed i Mattilsynet.


Produsentar som ønsker å selje rå mjølk, må vere registrerte hos tilsynet, på lik linje med andre bedrifter som sel næringsmiddel.


Tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) er blant dei som har ønskt ei oppmjuking i regelverket for sal av upasteurisert mjølk.


– Mjølka som blir selt må kome frå dyr som er friske og frie for sjukdommar. Det blir stilt høge krav til mjølkehygiene og kvalitet, forklarer Røed.


Ei åtvaringsmerking skal gir forbrukarane informasjon om helsefaren knytt til å konsumere rå mjølk.


Mjølka kan innehalde smittestoff som bakteriar, og grupper som små barn, gravide og dei som har svekt immunforsvar, kan vere særleg utsette. (©NPK)