Einar Gautefall t.v. og Jostein Gjesdal følgde begge spent med på diskusjonen om framtida til gardsbruka sine. Dei var neppe heilt nøgde korkje med deler av det dei høyrde, eller resultatet av debatten.

Gardsbruk i spel

Det vart eit ordskifte der mange ballar etter kvart kom i spel, så mange at det på slutten vart vanskeleg å halde styr på alle. Til sjuande og sist handla det om å sy saman eit vedtak der to gardsbruk som låg inne i planen som utbyggingsområde, kunne sparast mest mogeleg, samstundes som det vart lagt til rette for utvikling, som det vart sagt.

Det vart også ein debatt der alle partia var ute etter å markere seg, ikkje minst i høvet til jordvern, eit tema alle signaliserte interesse for, men ikkje for ein kvar pris.

– Jordvern er viktig, men her handlar det også om å skaffe areal til å serve innbyggarane sine behov, sa Atle Hamar (V) om gardsbruket ved Vassenden skule som var planlagt utbygd.

Les heile saka i fredagsavisa.