Lars-Svein Drabløs. (Bilete: FrP/YouTube)

Går for Vestlandet FrP

Sist helg  Sogn og Fjordane FrP sitt 36. og siste ordinære fylkesårsmøte. Fylkesårsmøtet vedtok samrøystes å slå seg saman med Hordaland FrP, til Vestlandet FrP, frå 26. mai 2018.

Det valde styret har fått ansvaret for å stå for den praktiska gjennomføringa av samanslåinga fram mot stiftingsmøtet 26. mai. Fylkestingsgruppa til FrP i Fylkestinget skal framleis vere eit eige organisasjonsledd fram til formell samanslåing av dei to fylkeskommunane 1. januar 2020.

På årsmøtet vart følgjande vald til Fylkesstyret:
Leiar: Lars-Svein Drabløs, Eid
Politisk nestleiar: Rita Navarsete, Sogndal
Organisatorisk nestleiar: Miriam Nesje, Flora
Studieleiar: Arnt Ove Nilsen, Selje
Medlemsansvarleg: Bjarne Holme, Flora
Styremedlem: Anders Magne Vik, Stryn
Styremedlem: Hogne Bleie, Vågsøy
Styremedlem: Britt Dalsbotten, Førde
Styremedlem: Anfinn Sjåstad, Selje
FpU sin representant: Morten Andre Njåstad Nordanger
Fylkestingsgruppa sin representant: Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik og Anders Magne Vik vart vald som Sogn og Fjordane FrP sine representantar i valnemnda for nytt fylkesstyre i Vestlandet FrP. Hordaland FrP skal velje 2 medlemmer til nemnda på sitt fylkesårsmøte neste helg.