Reidar Sandal går av som styreleiar i Nynorsk kultursentrum grunna spenningar i styret. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Går av som styreleiar i Nynorsk kultursentrum

1. november blei det kjend at Olav Øyehaug Opsvik blir ny direktør i Nynorsk kultursentrum. Ei snau veke seinare blir det kjent at Reidar Sandal trekkjer seg som styreleiar.

Reidar Sandal trekkjer seg som styreleiar i Nynorsk kultursentrum med umiddelbar verknad, melder han i eit skriv til Kultur- og likestillingsdepartementet måndag 6. november.

– Det er spenningar i styret som er årsaka til at eg no går av som styreleiar, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avtrappinga finn stad berre nokre dagar etter at Olav Øyehaug Opsvik blei tilsett som ny direktør i Nynorsk kultursentrum.

– Styret er godt nøgd med å få Øyehaug Opsvik som direktør. Vi har god tru på at han vil vere ein samlande leiar som evnar å profilere Nynorsk kultursentrum på ein offensiv måte, uttala Sandal under allmøtet der tilsettinga gjekk føre seg førre veke. (©NPK)