Ganske travelt for politiet
Mykje rus i helga gav politiet ei rekkje oppdrag.
Russefeiring og vakkert vêr har fleire stader ført til alkoholrelatert bråk og uro. Det går fram av politiloggen som inneheld mellom anna desse meldingane:
Rusa russ
Natt til søndag vart ei rusa russ i Florø teken hand om av politiet og frakta til helsepersonell.
Naken i Sogndal
Natt til søndag trefte politiet på ein naken mann i Sogndal på Rv5. Vedkomande opplyste at han hadde inngått eit veddemål. Ein time tidlegare hadde politiet treft på ein overstadig rusa russ i Sogndal sentrum og køyrt vedkomande heim.
Vart bortvist
Natt til laurdag vart passasjerane i en russebuss på russetreff i Breim vist bort frå russetreffet etter at dei fleire gongar forsøkte å stelle i stand bråk.
Bråk i sentrum
Politiet i Førde greip inn i ein slåstkamp ved ein utestad i Førde natt til søndag. To menn hadde fått slag i andletet, men det var ikkje behov for legetilsyn.
Fartskontroll
Ikkje alt dreia seg og rus og bråk. Laurdag kveld mellom kl 22.00 og 23.00 gjennomførte UP ein fartskontroll på E39 i 80-sona ved Ålhus. Ni bilførarar vart stogga for å køyre for fort. Høgste fart vart målt til 100 km/t. I tillegg vart det skrive ut eitt forenkla førelegg til ein bilførar som køyrde utan framskilt på bilen.