Illustrasjonsfoto.

Gang- og sykkelveg frå Vonheim til Fitje. Eit viktig traséval for framtida!

Lesarinnlegg av Einar Hansen.


Eg har i mange år samla det meste av det som har vore skrive i FT og i kommunale dokument om dette prosjektet, og ser med glede at FT den 24.11.2017 melder at planlegginga av gang- og sykkelveg langs Fv 615 endeleg skal starte i 2019.


Ifylgje FT den 29.01.2001, altså for 17 år sidan, ønskte Gloppen formannskap gangveg på sjøsida då dei handsama reguleringsplanen for området frå Vonheim til Storebrua, medan vegvesenet hadde teikna inn gangvegen på andre sida/oppsida og heldt fast på denne avgjerda. Det vart likevel halde eit møte mellom vegkontoret, representert ved Signe Eikenes, og Gloppen formannskap i midten av mars 2001, der Eikenes ifylgje FT den 19.03.2001 var klar i si tale då ho hevda at "fortauet langs riksveg 615 burde liggje på oppsida av vegen frå Vonheim til Storebrua, særleg av omsyn til trafikktryggleik." Det vart vidare understreka at Statens vegvesen var nøgde med planen og ikkje hadde kapasitet til å gjere ytterlegare planarbeid korkje i 2001 eller i fire år framover. Gloppen kommune hadde såleis to alternativ, anten å leige inn konsulenttenester for å få utarbeidd reguleringsplanen på nytt og dermed få fortauet på sjøsida, eller å godkjenne planen slik han låg føre.

Grunngjevinga for å leggje fortauet/gangvegen på oppsida var såleis trafikktryggleik, der siktsona for bilistane var det aller viktigaste og der det gjaldt å få lagt vegbana lengst mogeleg ut i svingane. Eit argument var og at eit fortau på sjøsida ville føre til større eigedomsinngrep.

No, 17 år etter at dette vart uttalt, meiner eg at dei svært bombastiske påstandane ovanfor ikkje er dokumenterte på skikkeleg vis i nokon av dei dokumenta eg har sett. Tvert imot må ein undre seg over at "trafikktryggleik" berre gjeld tilhøva for biltrafikken og ikkje vert vurdert når det gjeld dei mjuke trafikantane, gåande og syklande, som må vere minst like viktige i ein trafikktryggleiksanalyse. Og for desse vil ei løysing med gang- og sykkelveg på sjøsida, der ein slepp å krysse fv 615, vere den langt tryggaste.

Det finst etter mi meining knapt noko fornuftig argument for å leggje gang- og sykkelvegen frå Vonheim til Fitje på oppsida av fv 615. Etter ei utbygging på Elvaneset med 14 nye bueiningar (FT 01.12.2017) vil det vere over 30 husstandar på sjøsida langs denne strekninga som er heilt avhengige av direkte tilknyting  til fv 615, medan det knapt er nokon på oppsida av fv 615 som brukar, eller treng bruke, eit slik adkomstalternativ. Etter vegvesenet sine planar skal altså alle dei mange som bur på sjøsida måtte krysse fv 615 for å kome til gang- og sykkelvegen. Ikkje minst gjeld dette borna, dei mest sårbare i trafikken og dei som verkeleg treng den best moglege trafikktryggleiken.

Med ein gang- og sykkelveg på sjøsida frå Vonheim til Fitje vil ein sikre ein trygg adkomst til friluftsområdet i Selvågane, ei sikker passering for gåande og syklande forbi den nye vegen frå Åsavegen til fv 615, hindre at eigedomen 77/123 får biltrafikken heilt inntil husveggen og gje trygg tilknytning til bustadområdet på Elvaneset. Vidare vil ei slik løysing leggje til rette for ei gang- og sykkelbru langs Storebrua på sjøsida og vidare gang- og sykkelveg til Gloppen Camping og SFE, noko som også er svært ynskjeleg. Vi ville såleis få ein samanhengande gang- og sykkelvei frå Vonheim til Bukta, som ikkje ville kome i konflikt med nokon tilstøytande veg, korkje den nye vegen ned frå Åsavegen, Elvavegen eller vegen til Mardal. Det estetiske og turistmessig attraktive ved å leggje gang- og sykkelvegen som ei fin avgrensning mot og med utsikt over Gloppefjorden, er også eit moment som bør tilleggast vekt. Eg vil oppfordre næringssjefen i Gloppen til å gjere  "Trivselsvegen for mjuke trafikantar" til eit nytt og framtidsretta prosjekt som kan bidra til å knyte Sandaneområdet langs fv 615 saman  på ein trafikkmessig trygg måte.

Når det gjeld dei omtala eigedomsinngrepa ved å leggje gang- og sykkelvegen på sjøsida, må det vere mogeleg å take veggrunn frå eigedomane på begge sider av vegen. Fjellmasser som må fjernast kan nyttast til utfylling i sjølina langs den aktuelle strekninga. På ein veg med 50 km fartsgrense, ei grense som bør oppretthaldast også i framtida i dette området, kan umogleg ei optimal siktgrense for bilistane vere det einaste trafikktryggleikskravet som skal gjelde.

Eit moment som har vorte teke opp med kommuneadministrasjonen fleire gongar er den kommunale kloakkleidningen som ligg langs fv 615 på sjøsida frå pumpestasjonen i Selvågane til reinseanlegget ved flyhangaren. Det har vore stilt spørsmål ved om det er mogleg å leggje ei tungt belasta vegbane over denne kloakkleidningen, medan ein lett belasta gang- og sykkelveg kanskje ville by på langt mindre problem. Så vidt eg veit, er dette spørsmålet ikkje vurdert av dei aktuelle instansane. Eg har i alle høve ikkje fått noko svar på dette spørsmålet, som eg m.a. tok opp i brev til Gloppen kommune, datert 18.03.2013.

I det heile er det påfallande kor lite kommunestyret og administrasjonen har vore villig til å revurdere den plasseringa av gang- og sykkelveg som vegvesenet allereie i 2000-2001 hadde bestemt skulle vere på oppsida.  Mange oppsitjarar på sjøsida av fv 615 har gjennom tallause merknader til reguleringsplanar og andre kommunale dokument lagt fram svært gode argument for ei revurdering av dette vedtaket. Seinast skjedde dette i september då Halgeir Hansen orienterte formannskapet om problema ved handsaminga av Regional Transportplan (FT 22.09.2017). Sjølv fekk eg i dokumentet "Reguleringsplan Vonheim - Storebrua, revisjon", datert 17.06.2013, som svar på mine ynske om endring av plasseringa at "Merknaden til pkt. 2 er utdebattert tidlegare, og eventuell endring av fortausplassering er eigentleg ikkje ein del av reguleringsarbeidet."

Ja, kva debatt vart det eigentleg sikta til? Mi meining er at kommuneadministrasjonen har vore heilt fastlåst i vegvesenet sitt bastante krav til plasseringa av gang- og sykkelveg på oppsida tilbake i 2000-2001, og at det ikkje utad i alle fall har vore nokon seriøs debatt om alle dei forslaga og spørsmåla som har vore reiste av mange av oppsitjarande i området. Etter 17 år utan at noko har skjedd, bortsett frå at fartsgrensa er sett ned til 50 km, er det no på høg tid at vegvesen og kommune tek initiativ til  ei reell vurdering av alle sider ved dette svært viktige trasévalet for gang- og sykkelvegen frå Vonheim til Fitje.