Måndag var Per Ove Fossheim Peter Andresen og Kjell Petter Solhaug frå Gloppen kommune på Idrettsplassen for å vurdere framtida til dei gamle bøketrea.

Gamle kjemper står for fall

– Sjølv om tre kan bli svært gamle, har også dei si avgrensa levetid, seier utmarksforvaltar Peter Andresen. Han meiner helsetilstanden til majestetane på Idrettsplassen er svært dårleg. No er trea ein tryggleiksrisiko.

Dei har stått der i all tid. Det er i alle fall slik folk flest ser på det. At dei er gamle er det i alle fall lite tvil om. Peter Andresen er utmarksforvaltar i Gloppen og skogingeniør av utdanning. Dessutan kjem han frå Danmark der det er rikeleg med bøkeskog.

Sopp og rote

Han er usikker på alderen, men tippar dei til 150 år, minst. Han er bekymra for helsetilstanden deira. Måndag var han på synfaring saman med teknisk sjef Kjell Petter Solhaug og einingsleiar kommunalteknikk Per Ove Fossheim. Dei veit godt at det knyter seg sterke kjensler til gamle, majestetiske tre. Derfor er avisa invitert til å vere med for å spreie den sørgjelege bodskapen slik at folk får tid til venje seg til tanken.

– Det er fleire årsaker til at vi vurderer bøketrea som ein risikofaktor. Dei kan ramle over ende, enten heile tre eller deler av dei, seier Peter Andresen. Han har undersøkt dei fire trea nøye og funne både skadar og sjukdom.

– Det største har ein soppsjukdom som gjer at treet tørkar ut fordi næringa frå røtene ikkje kjem opp i treet, fortel Peter.

Han meiner det er stor fare for at soppen vil spreie seg.

Les meir i papirutgåva onsdag.