Illustrasjonsfoto.

Fyll og bråk fleire stader i helga

Rusa og sint
Natt til søndag vart politiet varsla om ein rusa og hissig person ved Førde sentralsjukehus. Vedkomande vart henta av politiet og sett i arrest for å bli edru.

Bråk i Måløy
Natt til søndag fekk politiet først melding om bråk i samanheng med ein privat fest i Måløy sentrum. Forholdet hadde roa seg før politiet kom til staden. Då hadde fleire av dei som var på festen gått frå staden.
Nokre minutt seinare fekk politiet på nytt melding om bråk i sentrum. Denne gongen vart det meldt om slåsskamp mellom fleire ungdommar. Ein rusa mann i 20-åra vart slått slik i andletet at han vart henta av ambulanse og køyrt til Nordfjord sjukehus for å få handsama skadane der. Denne saka blir følgt opp av politiet.

Bråk i Førde
Litt over midnatt natt til søndag fekk politiet melding om ein person i Førde sentrum som nekta å fjerne seg frå ein utestad. Politiet kom på staden og gav vedkomande pålegg om å fjerne seg og halde seg vekke resten av natta.
Noko seinare måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa mann i 20 åra. Han vart køyrt til legevakta før han vart frakta heim. I samband med patruljering vart nok ein mann i 20 åra stogga av politiet. Vedkomande laga bråk i sentrum og fekk pålegg om å fjerne seg.