Sveinung Rotevatn meiner Sogn og Fjordane kjem styrka ut av budsjettforliket.

- Fylket kjem styrka ut av budsjettforliket

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) er tilfreds med budsjettforliket.

Etter måndagens budsjettforlik mellom dei borgarlege partia, har fleire Sogn og Fjordane-saker kome på plass. – Dette er ei styrking av fylket, seier Sveinung Rotevatn.

Styrkjer fylkeskommunen
Mellom anna vert den såkalla tapskompensasjonen for fylkeskommunar styrka med 60 millionar kroner. Dette kjem på toppen av tilsvarande styrking for inneverande år.
- No innfrir vi det eg har oppfatta som det viktigaste kravet frå fylket. Det nye inntektssystemet for fylkeskommunar gjekk i utgangspunktet hardt utover Sogn og Fjordane. Med denne tapskompensasjonen blir det ein langt betre kvardag framover, og ein slepp vonleg å kutte i viktige tenestetilbod som vidaregåande skule, seier Rotevatn.

Vik fengsel
Ei anna sak det har vore strid om i haust, er utbygging av Vik fengsel. No er det omsider klart at Stortinget ønskjer utbygging av fengselet, noko som kjem fram gjennom eit såkalla anmodningsvedtak der dei ber regjeringa kvalitetssikre prosjektet med tanke på utbygging.
- Dette har vi i Venstre jobba for i heile haust, og vi er glade for at stortingsfleirtalet no er med på laget. Fengselsutbygginga vil bidra til å få ned soningskøen, og bidra med viktige arbeidsplassar i regionen, seier Rotevatn.

Breiband
Posten for breibandsutbygging vert også auka opp i budsjettforliket. Denne var i utgangspunktet kutta med 60 millionar kroner i forslaget frå regjeringa, men kuttet er no retta opp og posten auka opp med ytterlegare 15 millionar.
- Å investere i breibandsutbygging er noko av den mest kostnadseffektive distriktspolitikken vi kan føre. For ein beskjeden sum pengar sørgjer vi for lik tilgong til infrastruktur som er heilt avgjerande for at privat næringsliv kan skape nye arbeidsplassar, seier Rotevatn.

Fjordhestsenteret
Også Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid kjem godt ut av budsjettforliket. Regjeringa foreslo i sitt alternativ å kutte finanseringa til hestesenteret med 750.000 kroner, ei styrking Venstre fekk gjennom i fjorårets budsjett, men no er heile summen tilbakeført. Stortinget vedtek også å auke opp tilskotsordninga til rassikring av fylkesvegar med 75 millionar kroner.
- Samla er dette blitt eit godt budsjett for Sogn og Fjordane, seier Rotevatn.

Sandane - Byrkjelo

Venstre hadde også med eit framlegg om midlar til oppstart av planarbeidet for opprusting av E39 Sandane - Byrkjelo. Men det rakk ikkje opp.
- Her er det tale om ein merknad, ikkje nødvendigvis ei oppstartløyving.Då kan vi jobbe vidare mot komiteen og satse på gjennomslag der, seier Rotevatn.