Vestland fylkeskommune har sett seg eit hårete mål om å gjere fylket til det fremste pionerområdet i verda for elektriske fly gjennom elektrifisering av dei sterkt subsidierte distriktsrutene på kortbanenettet. Her ser vi eit Widerøe-fly som ikkje er elektrisk. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Fylkespolitikarane vil gjere Vestland leiande på elfly

Vestland fylkeskommune har sett seg eit hårete mål om å gjere fylket til det fremste pionerområdet i verda for elektriske fly gjennom elektrifisering av dei sterkt subsidierte distriktsrutene på kortbanenettet.

– Fly kjem til å vere ein viktig del av mobiliteten vår, ikkje minst på Vestlandet, som har store avstandar og er utfordrande geografisk. Derfor må vi ta revolusjonen med elektrifisering også innan luftfarten, seier fylkesvaraordførar i Vestland, Natalia Golis, til NRK.

Konsernsjefen i Avinor, Dag Falk Pedersen, meiner planane slett ikkje er umogleg å gjennomføre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi jobbar saman med Vestland og andre fylkeskommunar nettopp for å bli verdsleiande. Frå 2024 skal fylkeskommunane bestille flyruter på kortbanenettet, så dei har definitivt ei veldig sentral rolle i dette, seier han til NRK.

Strategidirektør Andreas Kollbye Aks i flyselskapet Widerøe, som i dag opererer dei fleste rutene på kortbanenettet i Noreg, ønskjer initiativet frå Vestland velkommen og meiner det kan bidra til å for alvor gjere Noreg til eit føregangsland innan det grøne skiftet i luftfarten. (©NPK)