Fylkespolitikar kom med promillebriller til trafikklærarar
Onsdag 5. september møtte Noralv Distad, leiar i fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), på Trygg trafikk si nettverkssamling for ungdomsskulelærarar som underviser i trafikkvalfag. Der delte han ut «promillebriller» til bruk i undervisninga.
På samlinga orientere Distad om trafikktryggingsutvalet sitt arbeid, der han framheva kor viktig det er med opplæring og haldningsskapande arbeid. Arbeidet som vert gjort på skulane er avgjerande, understreka han.
I tillegg delte han ut «promillebriller» til bruk i undervisninga. Brillene gjev elevane ei realistisk førestilling av korleis køyring i ruspåverka tilstand reduserer evna til å oppfatte ting og til å bevege seg trygt i høve seg sjølv og andre.
I 2018 har FTU løyvd om lag 50 000 kroner til innkjøp av virtuelle hjelpemiddel i sjåføropplæringa. Det er kjøpt inn 20 sett med promillebriller til bruk i undervisninga i trafikkfag i ungdomsskulen.