Både fylkesordførar Jenny Følling og olje- og energiminister Terje Søviknes vitjar Utvik i dag.

Fylkesordføraren og olje- og energiministeren til Utvik

Olje- og energiminister Terje Søviknes vitjar Utvik. Der vil Søviknes møte dei som vart råka av flaumen måndag, og få nærare informasjon om oppryddingsarbeidet som er i gang.

Søviknes vil vere i Utvik om lag klokka 12.00 onsdag.

Ein time før møter fylkesordførar Jenny Følling, saman med fungerande fylkesrådmann Clara Øberg, innbyggjarane etter at flaumen råka.

Ho vil på samlinga informere om fylkesvegnettet og bruer framover etter flaumen.

– Det er viktig for meg å møte innbyggjarane og sjå behova deira. Tapre og sindige folk som har fått heimane sine lagt i ruinar er klare for å ta Utvik tilbake, eg er så imponert over pågangsmotet, seier Følling.

Turen vil gå vidare til Breim for å sjå øydeleggingane der.

Fylkesordførar Jenny Følling.