Snøraset ved Jonsoksvora i Hyestranda er 40-50m breitt og 3-4m høgt. Foto: Kjartan Aa Berge

Fv615 i Hyestranda opna att

Vegen er no opna att etter at det i 21-tida måndag kveld gjekk eit stort snøras over vegen på FV615 ved Jonsoksvora i Hyestranda mellom Osmundnes og Holme. Vegen vart stengt på ubestemt tid.

Om lag kl 21 måndag kveld vart det oppdaga at det hadde gått eit stort snøras over vegen ved Jonsoksvora i Hyestranda like innanfor Osmundnes. Vegen vart naturlegvis stengt og ikkje opna att før etter vurdering av geolog tysdag føremiddag.

Rasvollen tok ikkje alt
– Vegen er stengt og vil ikkje bli opna att i kveld. Det skal gjerast ei vurdering av geolog på rasstaden i morgon føremiddag, opplyste Statens vegvesen på tlf. 175 like etter raset. Tysdag morgon annonserte dei ny vurdering kl 12.

Det er bygt rasvoll i Jonsoksvora som ein del av ei omfattande rassikring i området mellom Osmundnes og Holme, men det har tydelegvis kome ned mykje meir snø enn rasførebygginga kunne demme opp mot.

Raset var om lag 40m breitt og sikkert minst 3m høgt på det høgaste i vegen. Det låg også mykje snø i sjøen utanfor, og raset har sopt med seg 150-200m av autovernet.