Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) under pressekonferansen onsdag. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Fullvaksinerte slepp innreisekarantene frå fredag

Frå og med fredag slepp personar som er fullvaksinerte eller som har hatt korona siste seks månader, innreisekarantene.

Føresetnaden er at ein tek ein negativt test på grensa eller innan to dagar etter framkomst.

– Vi gjer òg endringar sånn at ungdommar mellom 12 og 18 år kan få kort innreisekarantene ved å dokumentere negativt testresultat i karantenetida med PCR-test som er teken seinast tre døgn etter framkomst, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa onsdag ettermiddag.

Endringane trer i kraft fredag ettermiddag klokka 15.