Eldreombod Bente Lund Jacobsen ville ha svar frå helseminister Bent Høie om fullvaksinerte på sjukeheimar òg kan klemme sine næraste. Helsedepartementet opplyser at fullvaksinerte bebuarar på sjukeheim lenge har hatt moglegheit til å klemme. Foto: Svein Arne Orvik/Eldreombodet.

Fullvaksinerte på sjukeheimar kan klemme barnebarn

Bent Høie sa førre veke at eldre fullvaksinerte kan klemme ikkje-vaksinerte personar i private heimar. Også eldre på sjukeheim kan klemme nærkontaktar, sjølv om sjukeheimen ikkje er ein privat heim.

Det var onsdag førre veke at Helsedepartementet kom med nye retningslinjer for nærkontakt mellom fullvaksinerte og uvaksinerte i privat heimar. Eldreombodet bad i etterkant av pressekonferansen om ei avklaring for bebuarar på institusjon.

– Det er godt at regjeringa seier at fullvaksinerte kan få besøk og klem av uvaksinerte heime. Men det må avklarast om dette også gjeld dei fullvaksinerte som bur på institusjon, sa eldreombod Bente Lund Jacobsen i ei pressemelding i etterkant av pressekonferansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jacobsen kravde avklaringar frå helseministeren og departementet.

– Gjeld «private heimar og private samanhengar» også for dei som har heimen sin på sjukeheim eller ein annan institusjon? Det må bebuarane, deira pårørande og kommunane få vite, sa eldreombodet.

Som svar på etterlysinga frå eldreombodet opplyser departementet at ein på sjukeheimar er nøydd til å ha andre retningslinjer enn i private heimar.

– I samband med pandemien er det gjeve ulike råd og anbefalingar for sjukeheimar og for private heimar. Dette fordi bebuarar på sjukeheim er særskilt sårbare for smitte, mange bur tett, og enkelte bebuarar kan heller ikkje vaksinerast, opplyser statssekretær Saliba Andreas Korkunc i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Kan ha nærkontakt

Korkunc er likevel klar på at sjukeheimsbebuarar lenge har hatt moglegheit til nærkontakt, både med andre fullvaksinerte, men òg med personar som ikkje er vaksinerte.

– Vi opna for at fullvaksinerte bebuarar på sjukeheim kunne ha nærkontakt med andre allereie tidleg i februar. Fullvaksinerte bebuarar har difor lenge hatt høve til å ha nærkontakt med andre personar som er fullvaksinert. Dei kan også ha nærkontakt med besøkande som ikkje er vaksinerte, men det bør vere få personar og dei same over tid, skriv Korkunc.

Kommunane må få beskjed

Eldreombodet er òg bekymra over at enkelte kommunar framleis har besøksrestriksjonar på sjukeheimane, sjølv om bebuarane er fullvaksinerte.

– Klemmeløftet frå statsråden er lite verd for dei som bur på sjukeheim, viss ikkje kommunane får klar beskjed frå helsestyresmaktene om at også bebuarane no kan ha besøk og nærkontakt, sa Jacobsen førre veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korkunc opplyser at ansvarleggjering av kommunane er noko dei har delegert til fylkesnivået.

– Vi har bede statsforvaltarane om å følgje opp kommunar som har for strenge besøksreglar, avsluttar han.

Bent Høie sa førre veke at eldre fullvaksinerte kan klemme ikkje-vaksinerte personar i private heimar. Også eldre på sjukeheim kan klemme nærkontaktar, sjølv om sjukeheimen ikkje er privat heim. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.