Bertel Oddne Mjellem t.v. og Ole Arild Aa skaut begge godt under den innleiande feltskytinga på Landsskyttarstemnet.

Fullt hus for Mjellem på felten

Landsskyttarstemnet i Målselv er i gang og i dag (måndag) var det innleiande skyting på grovfelten der skyttarane frå Hyen gjorde sakene sine bra.

Klaff for Mjellem

På feltrunda skal det skytast 30 skot på fem ukjende hald  med seks skot på kvart hald. Blinkane varierer frå hald til hald og dette er såleis ein krevjande disiplin.

Etter at dei 30 skota var leverte, synte resultatlistene at Bertel Oddne Mjellem frå Hyen prikka inn 30 treff, der 15 av dei var innertreff. Ole Arild Aa skaut 29 treff, med 16 inner, medan Arild Straume fekk 29 med elleve innertreff. Det har såleis vore ein god start for hyarane som onsdag skal skyte dei 25 innleiande skota på bane.

Også baneskyting

Nokre av klassane starta baneskytinga måndag og der legg vi merke til Leiv Rekstene Nordbygdaog Rand med 246 i kl V55. I same klasse skaut Helge Dvergsdal frå Jølster 243 medan Johanna Reksten, Nord bygda og Rand skaut 248 i juniorklassa.