- Fryktar for dyrevelferda
I kommuneproposisjonen for 2020 foreslår Kommunalminister Monica Mæland å gå vekk frå å øyremerkje midlar til veterinærvakt i kommunane, og legge midlane inn i kommunane si rammefinansiering.
- Dersom Mæland endrar veterinærtilskotet, risikerer vi at det kan bli vanskeleg, kanskje umogleg, å få tak i veterinær i store delar av landet. Det set bøndene i ein skvis, og er svært problematisk for dyrevelferda. Det svekkar sikkerheitsnettet til bonden.
Det seier Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, i ei pressemelding.
- Dette er ei viktig sak som vil råke dei geografisk vanskelegaste områda i fylket mest. Totalt tapar fylket med øyar og store avstandar, i høve til sentrale landbruksområde. Saka vert avgjort i handsaminga av statsbudsjettet, held Gjengedal fram.
- Forsvinn øyremerkinga, handlar det ikkje berre om pengar, men også om organiseringa av heile ordninga.
Ynskjer å oppretthalde dagens ordning
- Dagens ordning fungerer etter tilhøva bra. I dag tek ordninga omsyn til reiseavstandar og dyretal i kommunane. Landbruksdirektoratet koordinerer utbetalingane til kommunane, og midlane er øyremerka.
Ved å fjerne øyremerking av midlar til veterinærvakt skjer to ting, fortel Gjengedal.
- Finansieringa vert endra og midlar vert flytta til område med mindre husdyr. I tillegg vil noverande organisering opphøyre. Det vil vere ein risiko for å å øydeleggje ei ordning som fungerer, og som er med og sikrar god dyrevelferd.
Dårleg forslag
- Kommunane har lovpålagt plikt til å sørge for tilstrekkeleg veterinær vaktberedskap. Dagens vaktdistrikt er etablert på grunnlag av dyretal og køyreavstandar, og den fungerer.
No foreslår Mæland anten å fordele midlane etter folketal, eller etter ein landbruksnøkkel som ikkje tek omsyn til om landbruksverksemda har husdyr.
- Om det vert gjort, vil pengar gå til meir sentrale jordbruksområde.