Som styrar ved Gartnarhallen si avdeling på Sandane handterte Elias Vollstad store mengder gloppeprodusert frukt i mange år. Som bebuarar ved omsorgssenteret i bygda får han knapt tilgang til slik frukt.

Frukttrea bognar i Gloppen, men eldre får ikkje smake

– Det er heilt vanvittig, seier Elias Vollstad og ser ned i fruktskåla i kantina på Gloppen omsorgssenter. Der er det langt mellom den norske frukta – sjølv midt i sesongen.

Gloppen har vore og er ein fruktkommune. Men sjølv om den lokalt dyrka frukta i år kanskje er av betre kvalitet enn nokon gong og aplane har stått lavande fulle, må bebuarane ved Gloppen omsorgssenter stort sett greie seg med importerte varer.

– Utanom plommer har eg ikkje registrert at vi har fått lokal frukt i det heile. Det er for dårleg, det skal ikkje vere slik, seier Elias Vollstad.

Han var tilsett i Gartnarhallen i 33 år, mange av dei som styrar ved avdelinga på Sandane. Han har lempa tonnevis med eple, pærer og plommer produsert i Gloppen, og han veit kva som smakar best:

 

Les heile saka i papirutgåva fredag.