Frp vil halvere momsen på mat frå 15 til 7,5 prosent, seier Bengt Rune Strifeldt. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Frp vil halvere momsen på mat

Frp vil bruke 11 milliardar kroner på å halvere momsen på mat frå 15 til 7,5 prosent.

Dette skal gjelde alle næringsmiddel med 15 prosent meirverdiavgift, seier Frps Bengt Rune Strifeldt til Nationen.

Forslaget vart lagt fram i Frps alternative reviderte nasjonalbudsjett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette vil føre til 11,25 milliardar kroner i reduserte inntekter til staten. Strifeldt meiner likevel at dette delvis kan kompenserast ved at folk handlar meir i Noreg.

– Det vil ha innverknad på grensehandelen. Ein får auka konkurransekrafta i norske matbutikkar. Momskuttet vil bety at ein aukar konkurransekrafta opp mot grensehandelen.

(©NPK)