Frikjend fordi overgrepssaka var forelda

Ein nordfjording i trettiåra er frikjend for overgrep mot ei mindreårig jente i nær familie. Sogn og Fjordane Tingrett meiner saka er forelda.


Overgrepa skal ha starta i 1998. Den sommaren var jenta fem år og mannen ho er i slekt med var 19. Overgrepa skjedde over ein periode på fem år. Det var Statsadvokaten i Møre og Romsdal som tok ut tiltalen for utuktig omgang og seksuell omgang med eit barn under ti år.

Jenta vart trudd

Mannen, som no er i slutten av trettiåra, vedgjekk at han ved eitt høve utførde seksuelle handlingar mot jenta. Han nekta straffeskuld då saka var oppe for retten i desember. Retten på si side festa lit til fornærma sine forklaringar, og er ikkje i tvil om at overgrepa fann stad fleire gonger over ein tidsperiode som varte i fleire år, slik jenta forklarte.

Overgrepa tok til sommaren før jenta begynte på skulen. Første gong mannen forgreip seg på henne, skjedde det på sofaen på besøk hos besteforeldra i Nordfjord. Mannen tok handa hennar og putta ned i buksa si. Ho forklarte at dette skjedde fleire gonger denne ettermiddagen og kvelden. Nokre gongar vart dei avbrotne av at andre personar kom inn i rommet.

Strenge beviskrav

Jenta forklarte i retten at ho mange gonger i åra som følgde måtte ta på mannen når dei møttest ved familiebesøk. Han viste henne også pornofilm ved eitt høve.

Sjølv om retten trudde på jenta, vart saka vurdert slik at det det var seksuelle handlingar og ikkje seksuell omgang. Det er svært strenge krav til føring av bevis i slike saker.

Braut tillitsforhold

Jenta hadde eit tillitsforhold til den eldre slektningen sin, og han hadde ansvar for både henne og andre barn i familien i helgar og feriar.

Etter retten si vurdering er dette tillitsforholdet grovt misbrukt. Retten finn at mannen har handla med forsett, og at han hadde godt høve til å planlegge og legge til rette for situasjonar der han kunne vere åleine med jenta.

Delvis invalid

Etter at kvinna blei vaksen, har ho hatt ei rekkje helsemessige psykiske plager som mest sannsynleg kan knytast til overgrepa ho vart utsett for.

Ho har slite med utryggheit i relasjonar, har hatt mareritt og vanskar med å sove. Ein sakkyndig retten har utnemnd konkluderer med at ho er 25 prosent invalid som følgje av at ho er traumatisert av overgrepa i tidleg barndom.

Riksadvokaten avgjer anke

Då jenta var 23 år fortalde ho ein kjærast om det ho vart utsett for i barndommen, og i 2015, meir enn ti år etter at overgrepa tok slutt, vart mannen sikta. Grove overgrep som seksuell omgang med barn har ein foreldingsfrist på 25 år. Eit sentralt spørsmål i rettssaka var om det som hadde skjedd fall under lova som handlar om seksuell omgang eller seksuelle handlingar. Foreldingsfristen for det siste er ti år. Saka vart dermed rekna som forelda, og mannen vart frikjend. Han slepp dermed også å betale både erstatning og sakskostnader.

Sidan jenta var under ti år då overgrepa skjedde, er det riksadvokaten som skal ta endeleg stilling til om saka skal ankast, eller om dommen skal bli ståande.