Den Norske Turistforening har over 500 betente- og ubetente hytter. Det er framleis mogleg å få plass, sjølv på dei mest populære hyttene. Her frå Breheimen. Foto: Eivind Haugstad Kleiven/DNT.

Framleis ledige hytter fleire stadar i landet

Mange planlegg hytteferie i Noreg i sommar. Det er framleis mykje ledig kapasitet på hytter over heile landet.

– Det er stor pågang på hyttene våre, men ingen stadar har smekkfullt endå, seier leiar for betente anlegg i DNT, Eirik Bergvoll, i ei pressemelding.

Turistforeininga har 44 betente hytter og 500 sjølv- og ubetente hytter rundt omkring i landet. Grunna korona-situasjonen må alle tinge plass på førehand i år, også på dei ubetente hyttene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bruk bookingsystemet, eller ta kontakt med hyttene. Å besøkje hyttene våre er ei flott moglegheit for familien eller vennegjengen til å oppleve norsk natur. Samstundes er du med på å støtte ei god sak. Vi ser allereie større pågang frå barnefamiliar enn vanleg, og det er veldig gledeleg, seier Bergvoll.

Også interesseorganisasjonen Norges Fjellstyresamband har 340 hytter over store delar av den norske fjellheimen. Mange av hyttene deira er opne eller ubetente. 219 av hyttene deira må bestillast på førehand. Hyttene kan bestillast via inatur.no, kor ein òg finn hytter frå Statskog, Norges Jeger- og Fiskerforbund og frå privatpersonar.

(©NPK)