Barneskulen i Måløy skal framleis ha bokmål som målform.

Framleis bokmål i Måløy

I ei folkerøysting om målform ved Skram skole i Kinn kommune, sa fleirtalet at dei vil ha bokmål som hovudmål.

Det var 55,5 prosent av dei som røysta som sa at det framleis skal vere bokmål som målform ved denne skulen i Måløy. Av dei vel 1.900 røysteføre i valkrinsen, var det 40,4 prosent som røysta.

Skram skole er den einaste skulen i Sogn og Fjordane som har bokmål som målform.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane Aure og Hemsedal har også hatt folkerøysting om målform denne hausten. For Nordlandet skule og Aure barne- og ungdomsskule i Aure vart resultatet bokmål som hovudmål. Ved den nye sentralskulen i Trøym i Hemsedal var det nynorsk som vann skulemålskampen.