Leiar i FAU Vegard Fagerli og rektor Thor Horntvedt (t.h.) meiner Nordstranda skule må byggjast ut samtidig som lærarane får større kontorarbeidsplassar.

Frå vondt til verre for Nordstranda skule

- Bygg nye klasserom samtidig som lærararbeidsplassane vert utvida, seier leiar i FAU, Vegard Fagerli. Nytt bustadfelt på Gloppestad vil uansett snart medføre investeringar.

I sju år har det vore arbeidd for å utvide arbeidsplassane til lærarane på Nordstranda skule, eit arbeid som starta før skulesamanslåinga i 2009.

Mister undervisningsrom
– Endeleg fekk vi tre mill. kroner i 2015 for å betre på forholda, seier Thor Horntvedt. Ei byggjenemnd har vore i sving, og planane er klare. Rektor og dei tilsette er nøgde med løysinga. I tillegg til meir kontorplass, vert det større personalrom og eit nytt møterom. Fristen for å imøtekome pålegget er første juli 2016.
Så langt, så bra, men det er ei hake ved det.
– Vi må dessverre ta to undervisningsrom der det eine er kunst og handverk, seier rektor Thor Horntvedt.

- Bygg på no
– Vi treng å erstatte dei tapte undervisningsromma. Det kan gjerast på sør-aust sida av skulen med eit påbygg. Då treng vi ei tilleggsløyving om vi skal drive pedagogisk forsvarleg, seier Thor Horntvedt.

Leiar i FAU, Vegard Fagerli.
– Det er lett å sjå dilemmaet til rektor. Det er sikkert også vanskeleg for kommunen å finne pengar, men det må uansett snart investerast meir i skuleanlegget. Då kan det like godt gjerast no når det blir byggjeaktivitet der, seier han.

I papiravisa kan du lese meir, og sjå korleis oppvekstsjefen kommenterer planane

Det kan bygjast nye undervisningsrom på fløyen til venstre, bak ballbingen. Prosjektet er teikna og grovkalkulrert.