Flittige damer som kunne overlevere eit både stort og fint hageanlegg. F.v. Milda Nyland, Møyfrid hjelle, Kirsten Arna Ryssdalsnes, Solfrid Paulen Egge, Halldis Kårstad, Anni Felde, Gerd Inger Risholm, Reidun Kvile og Norbjørg Seime Bø. Fremst einingsleiar Elsa Hjorteset. Til stades, men ikkje med på foto, Kari Jordanger.

Frå villniss til vakker hage

– Her voks det tidlegare berre høymole, åkersennep og anna ugras, fortel Anni Felde og peikar på skråninga bak Reetunet. Takka vere ein stor innsats frå Gloppen Hagelag, er området no forvandla til blomsterbed.

Gjennom godt samarbeid med kommunen er heile området bak Reetunet renovert, og i tillegg til det store blomsterbedet, er det også kommen på plass ein flott mur i naturstein som lagar ei fin avslutning av hageanlegget.

Gull verdt
– For oss er dette gull verdt, og vi er veldig takknemlege for den innsatsen hagelaget har gjort for å få det pent og ryddig rundt bygget her. Vi er sjølvsagt også glade for at kommunen har vore med, vi ser ofte at ting som dette gjerne blir nedprioriterte til fordel for «viktigare» ting, seier einingsleiar i Breim, Elsa Hjorteset.

Sist veke var ein gjeng entusiastiske representantar for hagelaget til stades for å overlevere det nye og staslege hageanlegget til Hjorteset. Prosjektet har dei hatt gåande i fire år, og det var først i fjor at kommunen fekk på plass budsjettmidlar til steinmuren, noko som ifølgje hagelaget var eit stort og viktig pluss for sluttresultatet.

– Vi måtte ta opp att ein del plantar, og duken måtte også opp att då dei skulle sette opp muren, men det vart veldig bra til slutt, og no er det også komme på plass det som mangla av oljegrus, fortel Anni Felde som «overleverte» anlegget til kommunen, og takka for godt samarbeid gjennom prosessen.

Les heile saka i papiravisa tysdag.