Kristen Reikvam Ravnestad vender heim til Gloppen.

Frå TV2-veret til NoMil

Kristen vender heim.
Kristen Reikvam Ravnestad er tilsett som ny konsulent i NoMil.
Det er tilsett ny konsulent i NoMil etter Kari Dalsbotten Vereide som sluttar 1. februar. Den nytilsette er Kristen Reikvam Ravnestad ( 32), han kjem frå Gloppen, men er i dag varslingsmeteorolog i StromGeo og værekspert i TV2. Han har master og bachelor innan fagfeltet. Det var 32 søkjarar til stillinga og svært mange av desse var velkvalifiserte, seier dagleg leiar i NoMil Svein Ottar Sandal. – Vi ser fram til at Ravnestad tek til i stillinga i mars månad og han vil tilføre NoMil viktig kompetanse og kapasitet.
Kari Dalsbotten Vereide sluttar etter 17 år i teneste i NoMil og har vore ein viktig person i oppbygginga av selskapet som vart etablert i 1997.